om oss
AMT

OM ARGENTINA MOUNTAINTREK

Me er sett saman av ei lita gruppe profesjonelle fjellførarar, som spesialiserer seg på fjellturar og ekspedisjonar i Argentina og Sør-Amerika. Me tilbyr skreddarsydde turar med lokale og norskspråklege guidar, og arbeider med fjellførarar som alle har god kjennskap og erfaring frå fjella i Argentina og Patagonia.



VÅR FILOSOFI

Gjennom våre opplegg ynskjer me å fremje dei verdiane ei aktivt friluftliv representerer: bærekraftig ressursbruk, samhald og solidaritet. Gjennom å arbeide tett med lokale ynskjer me å kunne tilføre dei stadene me vitjar noko positivt. Me opererer etter prinsippet «leave no trace», og er opptekne av å gjennomføra turopplegga våre på ein økologisk bærekraftig måte.


VÅRE PREMISS

Tryggleik er i fokus på alle ekspedisjonar og turar som me arrangerer. Difor arbeider me berre med sertifiserte fjellførarar som har trening i førstehjelp og redningsarbeid. I somme områder er fjellføringa ein regulert aktivitet, og det er påkrevd å nytte seg av lokalt sertifiserte førarar. Argentina Mountaintrek følgjer alle pålegg - det gir våre klientar eit ekstra vern og er med på å halde standarden på våre opplegg på topp.


SAMARBEIDSPARTNERAR

Me samarbeider med dei beste lokale turoperatørane som er å oppdrive. Operatørane vert handplukka av oss slik at me skal kunne sikre deg ei knirkefri reise. Hjå oss står kvalitet og tryggleik alltid over profitt, og me jobber kontinuerleg for å sikre deg det beste førehaldet pris/kvalitet.


FØRARAR OG REISELEIARAR

Skilnaden mellom eit minne for livet og ei middelmådig reise ligg ofte i kven du reiser med. Dette veit me, og me arbeider difor berre med førarar og reiseleiarar som me veit gir jernet, er entusiastiske, kunnskapsrike og profesjonelle i alt dei gjer. Dersom du er interessert i å bli betre kjent med oss kan du lese profilen til alle våre førarar HER.


Bli betre kjend med våre faste fjellførarar og turleiarar!

Trekking i El Chalten