FØRARAR OG REISELEIARAR

Skilnaden mellom eit minne for livet og ei middelmådig reise ligg ofte i kven du reiser med. Dette veit me, og me arbeider difor berre med førarar og reiseleiarar som me veit gir jernet, er entusiastiske, kunnskapsrike og profesjonelle i alt dei gjer. Dersom du er interessert i å bli betre kjent med oss kan du lese profilen til alle våre førarar under.


Ariel Puntin

Ariel Puntin Utdanning:
Fjellførar (AAGM - Bariloche)
Gymlærer (UBA - Buenos Aires)

Interesser:
Toppturar på ski, alpin klatring, sportsklatring, buldring, isklatring og brevandring.

Språk:
Spansk

Ariel er sertifisert fjellførar ved nasjonalparken Los Glaciares i Patagonia. Der har han budd dei siste 6 sommarsesongane og teke ulike oppdrag for lokale turoperatørar. I tillegg til dagsturar i området guider Ariel ekspedisjonar opp til innlandsisen, samt breturar på Torre-breen. Han har også arbeidd som breførar ved Perito Moreno-breen i El Calafate. Gjennom Argentina Mountaintrek har Ariel organisert og guida turar til Bolivia og Aconcagua, samt fjellturar i resten av Argentina.

Paula Chaparro

Paula Chaparro Utdanning:
Fjellførar (ISAS - Buenos Aires)
Gymlærer (UBA - Buenos Aires)

Interesser:
Trekking, brevandring, førstehjelp, miljøvern.

Språk:
Spansk, Engelsk


Paula er sertifisert fjellførar ved nasjonalparken Los Glaciares i Patagonia. Ho har budd dei siste 4 sommarsesongane i El Chalten og teke ulike oppdrag for lokale turoperatørar. I tillegg til dagsturar i området er Paula breførar på Torre-breen. Gjennom Argentina Mountaintrek har Paula organisert og guida turar til Bolivia, samt fjellturar i resten av Argentina. Paula sitt auge for detaljer og yrkesglede gjer henne til ei av våre dyktigaste guider.

Tomas Salem

Tomas Salem Utdanning:
Fjellførar (ISAS - Buenos Aires)
Bachelor i Sosialantropologi (UiB - Bergen)

Interesser:
Toppturar på ski, alpin klatring, trekking, brevandring, sykkelturar, førstehjelp og foto.

Språk:
Norsk, Spansk, Engelsk

Tomas er sertifisert fjellførar ved nasjonalparken Los Glaciares i Patagonia. Han har budd dei siste 4 sommarsesongane i El Chalten og teke ulike oppdrag for lokale turoperatørar. I tillegg til dagsturar i området guider Tomas ekspedisjonar opp til innlandsisen, samt breturar på Viedma- og Torre-breane. Han arbeider også som reiseleiar på lengre turar i området. Gjennom Argentina Mountaintrek har Tomas organisert og guida turar til Bolivia og Chile, samt fjellturar i resten av Argentina.

Målfrid Bråtveit

Målfrid Utdanning:
Lærar (HiB - Bergen)

Interesser:
Skiturar, slalom, fjelltur, fottur, litteratur, reising.

Språk:
Norsk, Spansk, Engelsk, Tysk



Målfrid bur og arbeider i Noreg, og jobber som reiseleiar for Argentina Mountaintrek med jamne mellomrom. Ho er ei av ildsjelene bak selskapet, og fekk ideen etter å ha budd 8 år i Argentina og blitt glad i landet og dei fantastiske naturopplevingane som det byr på. Ho har tidlegare jobba fleire år som reiseleiar, og sprer glede og entusiasme rundt seg utan stopp når ho er på tur.

Simon Espinosa

Simon Espinosa Utdanning:
Journalist (UCAS - Santiago)
Skiinstruktør (Colorado, USA)

Interesser:
Ski, sportsklatring, trekking, brevandring, sykkelturar, backpacking, litteratur og musikk.

Språk:
Finsk, Spansk, Engelsk

Simon er utdanna journalist i Chile, og underviser ved Universitetet i Santiago. Han har brei reiseerfaring i Chile og jobbar som reiseleiar for Argentina Mountaintrek. Dei sosiale ferdighetene og lokalkunnskapene til Simon gjer han til det perfekte reisefølgje på våre turar i Chile.

Trekking i El Chalten